Byggetrinn 1 er no utseld!
Trykk her for ledige leilegheitar i Byggetrinn 2!
Vi bygger leilegheiter i den storleiken som passar for deg
På SOLSIO bygger me leilegheiter for alle. Synes du at einebustaden din er i største laget og ønskjer deg ein lettstelt leilegheit? Eller er du student og treng mindre plass? Uansett behov skal me finna den perfekte bustaden for deg. Her er det mogelegheiter for pendlarar, einslege, par, småbarnsfamiliar og førstegongsetablerarar.
Dette vert ditt nye trivelege nabolag i hjartet av Straume
Meir sentralt kan du ikkje bu.
SOLSIO er staden for deg som ønskjer å bu godt skjerma med eit attraktivt parkområde i nærleiken. Solsioparken og næringsbygga gjer at leilegheitene bak er lite eksponert for trafikk.
Dei vestvende, solrike og romslege balkongane og terrassane inviterer til godt naboskap. Parkområdet og gågata er det perfekte møtepunktet for bebuarane. På sommarstid vert dette eit lunt og varmt område, og om vinteren ein trygg stad som ungane kan boltra seg på.
Anten du ønskjer ein effektiv kvardag, aktive stunder eller vil slappa av i din eigen leilegheit med eigen balkong/terrasse, er SOLSIO staden for deg.
Gangavstand til service, handels- og aktivitetstilbod
Kvardagen blir enklare. Rett utanfor døra finn du alt av service og handels- og aktivitetstilbod på Sartor Storsenter og Straume.
Bustadane ligg på same plan som Sartor Storsenter, og gjennom kjellaretasjen kan du enkelt gå til dei ulike aktivitets, handels- og servicetenestene på senteret. Treng du offentleg transport, ligg Straume terminal like ved, med regelmessige avgangar til Bergen og omland.
Grønaplassen er eit offentleg torg som skal etablerast i forkant av SOLSIO. Her kjem det ein triveleg kafe i kort avstand frå bustaden din. Rett over gata ligg Sartor Storsenter, med meir enn 100 butikkar, vinmonopol, spisestadar, kino og det meste du skulle trenga.
Frå bustadane er det kort veg til det meste; idrettsanlegg, treningssenter, legesenter og handel. Du finn flotte turområde i Idrettsparken, rundt Pyttane, Liatårnet og Bildenuten.
12 minutt køyretur til Ågotnes og 15 minutt til Bergen sentrum. Parkering i kjellaretasjen under bustadane.
2 minutt gonge til Sartor Storsenter med meir enn 100 butikkar, vinmonopol, spisestadar, kino og det meste du skulle trenge.
3 minutt gonge til Straume terminal med regelmessige avgangar til Bergen, Fyllingsdalen, Askøy, Fana og Øygarden.
5 minutt køyretur til Leirstaden Barnehage, Svingen Barnehage, Foldnes Skule og Danielsen barne- og ungdomsskule.
Byggetrinn 1 er no utseld!
Klikk her for å finna din draumeleilegheit i Byggetrinn 2. Vår meklar står klar til å svara på spørsmåla dine.
Velkomen til ein prat med vår meklar.
Kontakt meklar
Kontakt meklar
UTBYGGJAR
Kåre Bjorøy Holding AS & Liegruppen AS
Grønamyrvegen 2
5353 Straume
MEKLAR
Vestkanten Eiendomsmegling AS
Lyderhornsveien 351
5171 Loddefjord
ENTREPRENØR
Sartor Drange AS
Idrettsveien 156
5353 Straume