Velkommen til Solsio Næringsbygg

Velkommen til SOLSIO

Solsio Næring tilbyr moderne og nye kontor-lokaler, som kan tilpassast dine behov.

Straume sentrum er i endring. Kjøpesenterstrukturen skal transformerast til ein by. Solsio Utvikling legg til rette for ein rekke nye servicefunksjonar, serveringsstader, handel og ein moderne kontorpark i hjartet av Straume.

SOLSIO er ein god stad for verdiskaping. Vil du og bedrifta di vera ein del av framtida?

Ta kontakt med oss for meir informasjon!

To solide næringsbygg i front

I 2022 stod to store og moderne næringsbygg på SOLSIO ferdig og klar til bruk.

Samla er begge næringsbygga over 5800 kvadratmeter og går over tre plan, med felles stor parkering i botn. Hovudbygget til høgre vert kalla «Gullbygget» og har 4300 kvadratmeter som er tiltenkt næringslivet. Bygget har ein avrunda form, og vil skilje seg positivt ut med gullfarga sink-fasade

Dette er dei aller første bygga på Straume som er BREEAM-klassifisert. Næringsbygga bidreg til reduserte energi- og miljøbelastningar, samstundes som det har auka funksjonalitet, fleksibilitet og bereevne. Miljøbygg som gjer høg livskvalitet!

Straume sin nye marknadsplass

Grønaplassen er eit offentleg torg som skal etablerast i forkant av SOLSIO. Her kjem det butikkar og ein triveleg kafé i kort gangavstand frå Sartor Storsenter.

Dette vert eit familievennleg miljø der ungane kan springe fritt. På veggen opp langs Bjorøygården kjem det ein fargerik buldrevegg der store og små kan klatre trygt. Du kan ta deg ein kaffi medan barna kosar seg i rulleparken, som er levert og designa av Betongpark.

Lett å parkera bilen

SOLSIO har eit stort parkeringsanlegg med plass til over 150 bilar.

Parkeringsanlegget ligg i første etasje og bind næringsbygga og bustadblokkene naturleg saman. Det betyr at du som leietakar kan bevega deg tørrskodd mellom parkeringsplassen og næringsbygga på regnfulle dagar.

I denne etasjen er det 4600 kvadratmeter med parkering, der nokon av plassane er reservert til leilegheitene. Her kan du parkere, anten du er leietakar, kunde eller på besøk.

SOLSIO – ein stad for alle

Byparken er forma rundt næringsbygga, til glede for leietakarar, kundar, bebuarar og gjestar.

Dette skal vera eit grønt og inkluderande miljø, som gjer at du trivst litt ekstra. Fysisk aktivitet i frisk luft aukar energinivået og verka positivt på humøret. Det er her dei gode ideane vert til!

SOLSIO er ein stad for avslapping, sosialt samvær, leik og moro. Her kan du kjøpe mat eller nyta matpakken din på ein benk saman med gode kollegar. I SOSLSIO tilbyr vi ei rekke fasilitetar du som leietakar kan bruka.

12 minutt køyretur til Ågotnes og 15 minutt til Bergen sentrum. Parkering i kjellaretasjen under bustadane.

2 minutt gonge til Sartor Storsenter med meir enn 100 butikkar, vinmonopol, spisestadar, kino og det meste du skulle trenge.

3 minutt gonge til Straume terminal med regelmessige avgangar til Bergen, Fyllingsdalen, Askøy, Fana og Øygarden.

5 minutt køyretur til Leirstaden Barnehage, Svingen Barnehage, Foldnes Skule og Danielsen barne- og ungdomsskule.

Bli ein del av SOLSIO

Går du for gull? Då er SOLSIO staden for deg.

SOLSIO kjem til å bli ein synleg diamant midt i Straume sentrum. Bygget er dekt i gullfarga sink, som har ei levetid på opp til 100 år.

Du kan forventa at alt er gjennomtenkt og nøye planlagt. Ingenting er tilfeldig i SOLSIO. Dette er ei investering i framtida.

Det er vi som byggjer SOLSIO

Solsio Utvikling eig og utviklar eigedom i regionssenteret til Øygarden kommune.

Solsio Utvikling er eigd av Liegruppen og Kåre Bjorøy Holding. Selskapet skal utvikla og drifta området langs solsida av Grønamyrvegen.

Her kjem ein heilt ny bydel med bustadar, park og næringsbygg midt i hjartet av Straume. Vi legg til rette for at du kan bu, arbeide og leve godt i eit nytt og trivelege nabolag ved foten av Straumsfjellet.

Vil du bli ein del av SOLSIO?

Saman skreddarsyr vi ei løysning etter dine behov.

Treng du eit butikk-, kontor- eller næringsarealer for di bedrift? Vi har ledige lokalar. Kontakt oss for å høyre meir om kva vi kan tilby deg og di bedrift.

Lene Haug er ansvarleg for utleige i SOLSIO og du kan kontakte henne for meir informasjon.

Ta kontakt med Lene Haug gjennom kontaktskjemaet under, eller direkte på:

Mobil: 476 46 193
Epost: lene@liegruppen.no

Kontakt oss

Kontakt oss

Registrer deg som interessent allerede nå, så er du sikret å få tilsendt komplett salgsmateriell i forkant av lansering, og invitasjon til salgsstart.

    [recaptcha]

    UTBYGGJAR

    Liegruppen AS
    Grønamyrvegen 2
    5353 Straume

    UTBYGGJAR

    Sartor Maskin AS
    Idrettsveien 156
    5353 Straume