Meir sentralt på Straume kjem du ikkje –
berre eit steinkast frå Sartor Storsenter!
Rundt eit sentralt grøntområde, vert det bygd bustadar og næringsbygg som blir tett knytt saman. SOLSIO vert eit intimt bumiljø med eigne terrassar og balkongar, og den grøne parkpromenaden dannar eit innbydande og koseleg uteområde, med kort veg til kino, handel og spisestadar. I forkant kjem næringsbygg med mellom anna uteservering, interiør, optikar og frisør/barberar. Anten du ønskjer ein effektiv kvardag, aktive stunder eller vil slappa av i din nye bustad med eigen balkong/terrasse, er Solsio staden for deg.
Sjå så flott det blir på Solsio til Straume!


Det er viktig å få inn den ville naturen inn i bysentrum, forklarar anleggsgartnar Aksel Lillebø i Sartor Mur og Belegningsstein AS.
Foto: Privat
På Solsio veks det opp ein stad der du kan bu, handla og leva. Anleggsgartnar Aksel Lillebø jobbar kvar dag for at Solsio skal bli eit triveleg uteområde for alle.
Straume er i ferd med å få eit nytt parkområde. Her kjem det store bed med torv frå Skogsvågen, einer, lyng og furutre, til glede for bebuarar, leietakarar og kundar på Solsio. Alt er nøye gjennomtenkt og planlagt, og vil vekse fram i takt med bustadane som kjem.
– Det skal likne på naturen som var her før og som allereie finns i området. Det er viktig å få inn den ville naturen inn i bysentrum, forklarar Aksel Lillebø i Sartor Mur og Belegningsstein AS. Dagane går til å leggje grasarmeringsstein og kantsteinar. Det skal bli grønt mellom betongen og asfalten, slik at det blir eit miljø som fungerer som hage for bustadblokkene, men også som eit uteområde for næringsbygga.
Formar sitt nye nabolag
Lillebø har 22 års erfaring som anleggsgartnar, og er opptatt av at grøntområdet ikkje skal bli for einsformig.
–Uteområdet sin kombinasjon av vill natur og reine linjer, grøne plenar, belegningsstein og leikeplass, blir utruleg flott. Byen veks og det blir fleire folk her. Då er det viktig å ha ein hage bebuarane kan bruke, og ein park som er kjekk for både store og små – godt skjerma for trafikken, fortel Lillebø. Han er fødd og oppvaksen i området, og synes det er stas å få forma sitt nye nabolag.
– Her har eg klatra og spelt fotball, og sett staden utvikla seg frå utmark til by. Eg trur at når byggeperioden er ferdig, og bebuarane får den freden som vil komme i hagen, må det vere medisin å vakne opp og gå ut, og treffe naboane sine i eit fint miljø, seier Lillebø.
No har me starta salet av Byggetrinn 2. Klikk her for å finne di draumeleiligheit ..
Specsavers sikrar solbrillene på Solsio


På Solsio vert det sol nok for alle. Alle leilegheitene har balkongar som vender mot vest, som betyr sol når klokka passerer 12. Då er det fint å ha ein brillebutikk i nærleiken, som har eit stort utval av briller og solbriller.
Specsavers er nemleg også under utvikling. Dei nye butikklokala ligg på gateplan mot Grønamyrsvegen, midt i buen til gullbygget.
– Dette er ei fantastisk plassering på cirka 140 kvadratmeter. Vi er godt i gang med butikkprosjektet, og planen er å opne 24. mars, fortel Nina O. Herdlevær, som saman med optikar og dagleg leiar John T. Flodmo, eig Specsavers Straume.
Utvidar butikken og aukar teamet
Sidan 1995 har optikerkjeda vore leietakarar i nabobygget. Då dei fekk tilbod om å flytte inn i eit større og nytt lokale, greip dei sjansen.
– Solsio gjorde det mogeleg for oss å utvide verksemda. Vi investerer ein god del både med nytt, topp moderne utstyr og ny innreiing, og får nesten dobbelt så store lokalar i eit heilt nytt fantastisk bygg. Det betyr at vi får dobla kapasiteten på synundersøkingar, så vi var aldri i tvil om å seie ja, seier Nina.
Specsavers har eigne designarar som teiknar og utformar den nye butikken. I tillegg har dei auka staben med to nye tilsette.
– God augehelse er viktig. Hos oss får kundane den hjelpen dei treng for å finne sitt ideelle synhjelpemiddel. Det kan vere flotte briller, solbriller eller kontaktlinser, og for mange begge delar, seier Nina.
Susanne får sin første leilegheit, og Siren flyttar frå hus til Solsio!


Susanne Husebø Seter og Siren Edvardsen gler seg til å bli naboar i kvar sin nye leilegheit på Solsio.
Foto: Karoline Rag
Susanne Husebø Seter (23) var ein av dei første kjøparane av ein av 25 leilegheitene som no byggast på Solsio. – Eg har budd heime på Straumsfjellet fram til no. Det er kjekt å kjøpa noko nytt med fastpris og sleppe bodkrig. For meg var dette ein enklare måte å komme inn på bustadmarknaden, seier Susanne. – For meg var det viktig å bu på Straume, at det er ein toppleilegheit og eit fint område utanfor med både park og kafé, fortel Susanne.
I 28 år har Siren Edvardsen (59) budd i eit hus i Lonavegen. Nyleg slo ho til på ein treroms med solrik altan i tredje etasje. – Dei beste leilegheitene gjekk fort, så eg kasta meg i det. Eg likar at bygget er tilbaketrekt, vestvendt og nært alle fasilitetar. Eg ville bu sentralt, men ha noko som var litt enklare å halde. Heile familien min bur på Sotra, og for meg var det viktig å ha god plass til barnebarna når dei kjem på besøk, fortel Siren.

SOLSIO støttar dei lokale idrettslaga!
Sotra Sportsklubb vart stifta 7.juni 1945 og fekk namnet IL Øygard. Klubben hadde den gang fotball som eineste idrett, og “heimebane” var på Nygård på Laksevåg. I dag har dei heimebane på eitt av Norges flottaste idrettsanlegg – Straume Idrettspark.
Mykje har skjedd sidan 1945, og med meir enn 3000 medlemmar er mottoet framleis det samme: Sotra Sportsklubb er ein solid breddeklubb med fokus på “Idrett for alle”.
Øygarden FK 2020 har sitt utspring frå Nest-Sotra IL sitt OBOS lag i 2019. Under etableringa av nye Øygarden kommune, ble det eit felles ønske om å skapa et topp-fotballag for alle i den nye kommunen.
Alle klubbane blei invitert til et representantskap for å etablera eit samarbeid mellom topp- og breiddeklubbane. Dette har resultert i at sju lokale klubbar har stilt seg bak Øygarden FK som toppklubb i kommunen.
Idrett er dyrt, og mange av desse klubbane ville ikkje ha klart seg utan dugnadsånd og solid økonomisk støtte frå lokalt næringsliv. Sponsormidlar er heilt avgjerande for å kunne driva fram talentar og sportsleg suksess i regionen.
Solsio Utvikling med Kåre Bjorøy på eigarsida har i årevis vore ein av dei viktigaste og mest trufaste bidragsytarane. Som ein sentral samfunnsaktør har Kåre sørga for at aktivitetar har kunne halda ved lag gjennom utbygging av idrettsanlegg og støtte til dagleg drift. Dette har gjort det mogeleg å gje eit breitt tilbod til alle unge som vil driva med idrett.
Les om SOLSIO i Media
Det er vi som byggjer SOLSIO!


Eigar Kåre Bjørøy , driftsleiar Rune Heggelund, utleigeansvarleg Lene Haug, eigedomssjef Roy-Eddy Lie og prosjektleiar May Britt Hevrøy gler seg over at bygginga endeleg er i gong på Solsio
Foto: Solsio Utvikling
Solsio Utvikling er eigd av Liegruppen og Kåre Bjorøy Holding. Selskapet skal utvikle og drifta området langs “solsio” av Grønamyrvegen. No byggjast det ein heilt ny bydel med boligar, park og næringsbygg, kor ein kan bu, arbeide og leve godt i eit nytt og trivelege nabolag ved foten av Straumsfjellet, midt i hjartet av Straume.