Meir sentralt på Straume kjem du ikkje –
berre eit steinkast frå Sartor Storsenter!
Rundt eit sentralt grøntområde, vert det bygd bustadar og næringsbygg som blir tett knytt saman. SOLSIO vert eit intimt bumiljø med eigne terrassar og balkongar, og den grøne parkpromenaden dannar eit innbydande og koseleg uteområde, med kort veg til kino, handel og spisestadar. I forkant kjem næringsbygg med mellom anna uteservering, interiør, optikar og frisør/barberar. Anten du ønskjer ein effektiv kvardag, aktive stunder eller vil slappa av i din nye bustad med eigen balkong/terrasse, er Solsio staden for deg.
NYHEITER FRÅ SOLSIO
– Vi kjem hit så ofte vi kan


Solveig Ulveseth, Marianne Turøy, Hildegunn Landro og innehaver Maren.
Tekst & Foto: Torgeir Hågøy
Det seier dei tre lærarkollegaene Solveig Ulveseth, Marianne Turøy og Hildegunn Landro. Ferien har nettopp starta, og dei markerer det med eit besøk på Marens hjørne på Solsio.
– Vi elskar å vere her. Før skulestart i fjor var vi innom for å lade opp – og no avsluttar vi skuleåret her, smiler dei tre.
– Dette er den beste plassen på heile Sotra, seier Marianne Turøy, til samtykkande nikk frå dei to andre.
– I år fekk vi til og med gåvekort på Marens hjørne frå elevane på skulen. Det passa oss veldig bra. Vi kjem hit så ofte vi kan, smiler dei.
Lever ut barndomsdraumen
Vi møter Maren medan ho gjer klart interiørbutikken og kafeen på Solsio for dagens gjestar. Lokalet ligg på den nye Grønamyrplassen, ein stad som, når Grønamyrvegen snart er ferdig opprusta som miljøgate, vil bli det nye hjartet på Straume.
– Det pleier å kome folk ganske tidleg, så alt må vere klart når dørene opnar, fortel Maren medan ho set ut utemøblar og tørkar av borda.
– Rundt lunsjtid er det vanlegvis ganske fullt. Det er veldig kjekt – og ekstra hyggeleg at mange av gjestane kjem att gong på gong, seier Maren. Ho fortel at ho heilt sidan ho var lita jente har hatt lyst til å drive butikk.
– Eg opna butikken då eg var 24 år, og har halde det gåande sidan. No er eg 32 år og lever ut barndomsdraumen, smiler ho. Draumen har altså blitt jobb – og det har det vore i åtte år. Men også ein livsstil, der mykje av tida går til jobb. Heldigvis bur ho òg på Solsio, og kan gå tørrskodd til og frå sin eigen arbeidsplass.
– Eg er på jobb kvar dag, og ofte er eg innom på søndagar òg, sjølv om det er den einaste dagen i veka vi held stengt. Det er mykje jobb, men eg stortrivst og veit eigentleg ikkje kva anna eg skulle gjort, seier Maren.
Family business
Då ho starta butikken for åtte år sidan, heldt ho til på andre sida av Sartor. For tre år sidan flytta ho inn i nye lokale på Solsio. Her fekk ho ikkje berre dobbelt så mykje plass – ho fekk òg vere med å utforme lokala slik ho sjølv ville ha dei.
– Eg var ein av dei første som skreiv under leigekontrakt her, smiler Maren. Ho eig butikken saman med foreldra sine og på kjøkenet står svigerinna mi, Anne Bjørsvik Hesjedal, som er kokk og lagar all maten.
– Ho er her før alle andre, og byrjar som regel i sju-tida. Resten av familien hjelper òg til når dei kan, seier Maren.
Hjartet på Straume
Klokka nærmar seg no 11 ein heilt vanleg onsdag i slutten av juni. Fellesferien er rett rundt hjørnet, men dei fleste er framleis på jobb. Likevel fyllest lokalet sakte, men sikkert opp.
– Det pleier å vere ganske travelt, òg på heilt vanlege vekedagar. I starten var vi litt redde for at dette skulle bli baksida av Sartor, men med dei tiltaka som no skjer her ute – med ny miljøgate og Grønamyrplassen – er dette i ferd med å bli det nye hjartet på Straume, smiler Maren. Det er i alle fall inga tvil om at gjestane finn vegen. Då vi forlet Maren litt før klokka 12, er lokalet fullt av smilande gjestar.
– Dette er ein vanleg dag hos oss. Folk kjem for ein lunsj med gode vener eller kollegaer, og kombinerer det gjerne med litt interiørhandel, fortel Maren. Hylla i butikken bugnar av eit rikt utval interiørvarer – alt valt ut av Maren sjølv.
– Det har vore ei bratt læringskurve, men ein lærer etter kvart. Det er sjølvsagt heilt avgjerande å finne dei varene folk vil ha – og som sel. Elles sit eg att med varer som må seljast utan forteneste, og det er dårleg butikk, seier ho.
Skaper lokale arbeidsplassar
Ho har ikkje berre skapt sin eigen arbeidsplass – Marens hjørne gir òg arbeid til både familiemedlemmer og andre. Til saman jobbar det i dag åtte personar i butikken – to på heiltid og seks deltid.
– Det er eg ganske stolt av, seier Maren, og legg til at det difor betyr noko kvar folk vel å bruke pengane sine.
– Dei som handlar hos meg – men òg hos alle dei andre lokale aktørane på Sotra – bidreg til å halde liv i næringslivet her ute. Slik skaper vi eit levande nærmiljø. Det er viktig at folk er medvitne på kvar dei brukar pengane sine, seier Maren.
In Shape opnar dørene til
nytt treningssenter på Solsio


Tekst & Foto: Torgeir Hågøy
Toget har kanskje gått for «Sommarkroppen 2025», men håpet lever for 2026. Første juli opna nemleg In Shape eit heilt nytt treningssenter på Solsio.
– Her har vi betre utstyr, betre plass og betre plassering, seier dagleg leiar og eigar av treningssenterkjeda In Shape, Frode Monsen. Vi møter han i dei nye lokala til senteret i Grønamyrvegen 4. Dei opna dørene 1. juli, men då vi var innom 30. juni, var det framleis litt småting som stod att.
– Vi er ikkje heilt i mål enno, men i løpet av eit par dagar skal alt vere på stell. Her ligg alt til rette for både sommarkroppar og andre kroppar, smiler Monsen.
Større og betre
Monsen eig to treningssenter, eitt i Olsvik og eitt på Straume. Det første senteret opna han i Olsvik i 2010, og ni år seinare opna han dørene til senter nummer to – på Sartor.
– Sidan 2019 har vi vore på Solsio, og no har vi altså flytta inn i heilt nye lokale i Grønamyrvegen 4, seier Monsen. Lokala ligg høgt oppe bak Sartor senter, noko som gjev fin utsikt over nærområdet frå treningsapparata. Det nye senteret er på over 300 kvadratmeter, langt meir enn før.
– Her er alt nytt og moderne – frå apparata til garderobane. I tillegg har vi god parkering utanfor. Vi er svært nøgde, seier Monsen.
Skal vere billegast på Sotra
Senteret er i hovudsak sjølvbetent, men bemanna to dagar i veka frå 17 til 20.
– Her sjekkar ein inn med telefonen eller nøkkelkort. PT-timar og andre tenester kan ein booke via nettsida eller appen vår, seier Monsen. Den ubemanna løysinga gjer at dei kan halde medlemsprisen låg. Det rimelegaste abonnementet kostar frå 339 kroner i månaden.
– Vi skal vere det billegaste treningssenteret på Sotra, seier Monsen, som håpar at dei nye lokala vil trekkje til seg fleire medlemmar. Noko av det han trekkjer fram som spesielt med det nye senteret, er at dei har fleire private dusjar og garderobar.
– Mange av medlemmane våre jobbar på Sartor og vil gjerne trene før jobb. Med private garderobar og dusj gjer vi det enklare for dei, seier han.
Felles treningsturar
Noko litt unikt med senteret er at dei arrangerer treningsturar for medlemmane.
– Det starta med treningscruise med danskebåten. Dette heldt vi på med i fleire år, og somme turar hadde mellom 150 og 180 deltakarar, fortel Monsen. Cruisa vart avslutta i 2019, men sidan då har dei arrangert fleire landbaserte turar.
– Vi har mellom anna vore fleire gonger til Lysefjorden, med tur til toppen. Dette er til sjølvkost og ikkje noko vi tener pengar på, men det skaper samhald og fellesskap på senteret. Det tykkjer vi er viktig, og difor kjem vi til å halde fram med dette, seier Monsen, som avsluttar med ei helsing:
– Velkomen til gamle og nye medlemmar i Grønamyrvegen 4. Vi lovar eit fint treningssenter og ei god treningsoppleving.
Les meir her: Nettside In Shape
– Dette vert den nye framsio!


Stein Wikholm frå anleggsgartnar Wikholm, Ruben Nordnes og Are Mjøs frå Sartor & Drange og Kåre Bjorøy.
Tekst & Foto: Torgeir Hågøy
Oppgraderinga av Grønamyrvegen til miljøgate er godt i gang. Både sjølve vegen og området mellom Solsio og Sartor er i ferd med å bli det nye hjartet på Straume.
– Dette vert den nye framsio, smiler Kåre Bjorøy i Sartor & Drange. Saman med prosjektleiar Are Mjøs frå Sartor Drange, Ruben Nordnes frå Sartor & Drange og Stein Wikholm frå anleggsgartnar Wikholm, er han på synfaring i området.
– Saman med Grønamyrplassen gjer den nye miljøgata at det blir etablert eit nytt torg mellom Solsio og Sartor senter. Breie fortau med bruk av granitt og beplanting, gjer at dette kjem til å bli veldig fint og ikke minst trygt å ferdes, seier Bjorøy.
– Målet er å få ned trafikken og leggje betre til rette for gåande og syklande. Arbeidet har teke litt lenger tid enn først tenkt, men til hausten skal den nye miljøgata stå ferdig, seier Are Mjøs. Det er Øygarden kommune som står bak prosjektet. Målet er å gjere Grønamyrvegen om frå ein trafikkert bilveg til ei gate med meir fokus på mjuke trafikantar. Bakgrunnen er at dagens løysing vart vurdert som utrygg, særleg for dei som går og syklar.
– Det vil framleis vere mogleg å levere varer her, men det skal ikkje vere gjennomgangstrafikk, seier Mjøs, som legg til at det vert to plasser for varelevering, men at disse er tatt bort fra fortauet, slik det var tidligere. Grønamyrvegen bind saman området mot kollektivterminalen i nord, og når Sotrasambandet står ferdig, vil miljøgata henge saman med det nye gang- og sykkelvegsystemet inn mot ny terminal og ny vidaregåande skule. Gata blir òg ein viktig del av aksen nord–sør, som koplar saman skule- og idrettsområdet ved Sotra Arena med terminalen.
– Dette blir eit attraktivt område både for folk som kjem på besøk og for dei som har butikk eller annan næring her, seier Mjøs. I tillegg skal Solsio vekse vidare med både fleire bustader, butikkar og næringsareal.
– Bak Bjorøygården kjem det nye bustader. Sjølve Bjorøygården skal erstattast med eit nytt bygg som vil romme butikkar, kontorlokale – og kanskje bustader. Alt i alt vil utviklinga vere med på å gjere Solsio til framsio, avsluttar Bjorøy.
Har fått eit litt enklare liv på Solsio


Tekst & Foto: Torgeir Hågøy
Han jobbar kvar dag for å gjere liva til pasientane sine betre. No har han sjølv flytta inn i nye lokale, noko som gjer livet litt enklare både for pasientane og han sjølv.
– Her har eg trappefrie lokale tett på offentleg transport og med parkering rett utanfor, smiler psykologspesialist Svein Melberg.
Sidan 2018 har den erfarne psykologen drive eiga praksis på Straume. Han starta i Grønamyrvegen 22, i bygget som kanskje er best kjend som Bjorøygarden. Bygget skal etter kvart rivast og erstattast med eit nybygg, noko som gjorde at Melberg måtte flytte. I desember i fjor flytta han derfor inn i Grønamyrvegen 6, i bygget som ber namnet Lieco Bygg.
– Det nye kontoret er litt mindre enn det eg hadde tidlegare, men det er betre tilrettelagt for mi praksis. Gårdeigaren har gjort ein del oppgraderingar som eg er godt nøgd med, seier Melberg. På kontoret tek han imot det han sjølv skildrar som pasientar med «milde til moderate» psykiske helseplager. Eit viktig poeng for han har vore at det ikkje er for mykje menneskeleg trafikk i nærområdet.
– Her har eg fått lokale med universell utforming og ein litt skjerma og anonym adkomst. Det passar meg og mine pasientar godt, seier Melberg. Frå kontoret har han fin utsikt over nærområdet, men ikkje minst ei sentral plassering i høve til offentleg transport.
– Pasientane mine kjem frå Øygarden og Askøy. Mange av dei nyttar offentleg transport, og det er derfor avgjerande for meg å vere tett på kollektivknutepunktet på Straume. Dessutan bur eg her ute, og det er viktig for meg å ha kort reiseveg til jobb, seier Melberg.
Frå dansk dronningdesign til
eige gullsmedverkstad på Solsio


Tekst & Foto: Torgeir Hågøy
Etter å ha utdanna seg til gullsmed hos Europas største gullsmed, vart det dansk design og dronningjuvelar for Tom Jørgensen frå Hilleren. No stortrivst den anerkjende gullsmeden i sine nye lokale på Solsio.
– På 80- og 90-talet låg faktisk Europas største gullsmed i Bergen. Rundt 120 gullsmedar jobba i det bergenske firmaet Sigurd Homstvedt, som hadde store lokale i Industrihuset ved Puddefjordsbrua, fortel Tom Jørgensen.
Hadde kongehuset på kundelista
Bergen var på denne tida ein stormakt i gullsmedverda.
– I dag er det berre restar igjen, seier Jørgensen, som var ferdig utdanna gullsmed i 1985. Med svennebrevet i lomma sette han kursen mot Danmark. Der tok han designutdanning, noko som førte til fast jobb hos det anerkjende danske designmerket Georg Jensen. Dei hadde blant anna det danske kongehuset på kundelista.
– Eg har vore med på å designe og lage smykke til dronninga, smiler Jørgensen, som i 1992 starta sin eigen gullsmedverkstad i Aarhus.
Har flytta inn i nye lokale
I 2003 vart heimlengten for stor, og saman med kona og dei tre borna flytta han heim att til Vestlandet. Han vart då henta tilbake til sin gamle arbeidsgivar, Sigurd Homstvedt. Endra rammevilkår gjorde det likevel vanskeleg for selskapet, og i dag er det, som sagt, berre restar igjen. Ferda heldt fram til Theodor Olsen, men i 2019 etablerte han seg med eigen verkstad i Bjorøygarden på Solsio.
– Eg designa og laga då det nye ordførarkjedet til Øygarden kommune, seier Jørgensen. No har han nettopp flytta inn i nye lokale i Grønamyrvegen 6, der han er meir synleg og tilgjengeleg for forbipasserande.
– Eg har fått skreddarsydde lokale og stortrivst. Me hadde nettopp opning av dei nye lokala, og allereie no har eg mykje meir besøk enn før, seier Jørgensen.
Eige design
I dei nye lokala skin det i gull og vakre edelsteinar. Jørgensen fortel at det meste er designa og laga av han sjølv.
– Eg lagar personlege smykke som ein ikkje finn andre stader, seier Jørgensen. Det betyr at han i verkstaden på Solsio både designar, produserer og sel eigne smykke.
– Mange tek òg med gamle smykke som dei ønskjer at eg skal laga noko nytt av. Det sparer dei for mange kroner, då dei slepp å betala for gullet. Avhengig av arbeidsmengda kan dei få eit nytt smykke for ein stad mellom 2000 og 7000 kroner, seier Jørgensen.
Han synest øybuarane er flinke til å kjøpa smykke. – Det er noko av det fine med å bu på ei øy, folk snakkar saman. Eg synest folk er flinke til å kjøpa smykke, noko som gjer at eg har travle gullsmeddagar, seier Jørgensen.
Vitus – Eventyrleg reise for lokal reiselivssuksess


Tekst & Foto: Torgeir Hågøy
På åtte år har Vitus Reiser vakse til eit reiselivsselskap av internasjonale dimensjonar.
– Frå Solsio på Straume konkurrerer vi kvar dag med selskap som har hovudkontor i Stockholm, København og Oslo, seier dagleg leiar og ein av gründerane i Vitus Reiser, Håvard Moldskred.
Frå Noreg til heile verda
Då dei starta Vitus Reiser i 2017, var dei ein liten aktør i ein stor marknad av internasjonale reisebyrå. Men selskapet har no vakse seg stort, og i 2023 passerte dei ei omsetning på heile 236 millionar kroner.
– Vi har hatt ein enorm vekst sidan 2023. Sjølv om eg kjenner tala, er dei enno ikkje offisielle, så eg kan dessverre ikkje gå ut med dei. Det eg likevel kan seie, er at den gode utviklinga heldt fram i 2024 og inn i 2025, seier Moldskred.
Selskapet har spesialisert seg på gruppereiser for vaksne, og i fjor arrangerte dei vellukka turar til varmare strok for over 20.000 gjester.
– Vi tek kundar frå heile landet til reisemål over heile verda, seier Moldskred. Internasjonale konkurrentar som tidlegare ikkje visste kven Vitus Reiser var, har no fått auga opp for selskapet på Straume.
– Dei følgjer oss tett, og for mange har vi nok blitt ein av deira største konkurrentar. Det er veldig kjekt at vi, med base på Straume og lokalt tilsette medarbeidarar, har klart å skape ein slik reiselivssuksess. Ein treng med andre ord ikkje sitje i Oslo, Stockholm eller København for å lukkast, seier Moldskred.
Flytta inn i nye lokale
I august i fjor flytta dei inn i nye lokale i tredje etasje i det nye næringsbygget i Grønamyrvegen 18 på Solsio. Her har selskapet sine 12 tilsette no 300 kvadratmeter å boltre seg på.
– Vi har ikkje berre fått mykje meir plass, vi har òg fått vere med og utforme lokala akkurat slik vi ønskte, seier driftsleiar i Vitus Reiser, Camilla Kvamme. Ho og fleire av dei andre tilsette har vore med på å bestemme både fargar og møblering.
– Vi har det alltid kjekt på jobb, men i dei nye lokala har det blitt endå meir inspirerande. Det er òg mykje trivelegare å invitere inn kundar for ein prat om reisemoglegheiter eller detaljar rundt kommande turar, seier Kvamme.
Yngre reisande
Kvamme fortel at alderen på dei som reiser på gruppereiser, dei siste åra har gått ned.
– Gruppereiser har tradisjonelt vore sett på som ein ferieform for seniorar, men vi ser ei utvikling der stadig fleire vel denne måten å feriere på. Mange ønskjer seg meir aktive feriar, men det handlar òg om at det er sosialt og at dei får mykje for pengane, seier Kvamme.
Mange vel å reise med vener, medan for andre er det å møte nye menneske ein viktig faktor.
– I ein travel kvardag er det heller ingen tvil om at mange set pris på å kome til ferdigdekte bord. Vi har sjølve besøkt alle stadene vi arrangerer turar til og kan dermed gå god for kvaliteten både på hotell, restaurantar og opplevingar, seier Kvamme.
Skal lokke utlendingar til Noreg
Til no har selskapet hovudsakleg sendt nordmenn ut av landet, men no satsar dei òg på å få utlendingar hit.
– Vi byrja å selje norgesturar til nordmenn under pandemien. Då vart tanken sådd om at vi kunne starte eit eige selskap retta mot det utanlandske marknaden. No har vi etablert Travel North og er klare. No skal vi lokke fleire utlendingar til Noreg. Noreg er attraktivt, men det finst framleis mange perler med stort potensial, seier Moldskred.Han fortel at dei først vil rette seg mot engelskspråklege land.
– Vi startar der og ser kor det fører oss, men moglegheitene er mange, seier Moldskred.
MaTilla er sentralt plassert på Solsio på Straume


For 11 år sidan satsa Hilde Sævild Teige på eigen damekolleksjon i Bildøybakken. I midten av juni finn du den populære MaTilla-butikken sentralt plassert på Straume – nærmare bestemt Grønaplassen på Solsio.
Det kokar rundt MaTilla-gründeren. Om dagen er ho i butikken, på kvelden designar ho nye plagg, og innimellom alt planlegg ho flytting til nytt butikklokale på Solsio.
– Vi har vore på jakt etter nye lokalar ei stund, og endeleg fann vi det. For oss er det viktig at butikken er skjerma, og at kundane framleis får følelsen av å vera i ein trygg og god oase, fortel Hilde Sævild Teige. Snart flyttar ho butikken frå Bildøybakken til sentrale Solsio, der ho får litt større areal å boltra seg på i næringsbygget. Marens hjørne og Specsavers blir nye, gode naboar.
– Målet er å ta med sjela vår til Straume. Det er viktig for kundane våre. Vi skal vera den same MaTilla-butikken som dei kjenner, seier Hilde.
Alltid nyheiter i butikken
MaTilla er inne i sitt ellevte år. Mykje har skjedd sidan ho starta. På ei tidspunkt var det 80 butikkar i Noreg som selde MaTilla. Det var storproduksjon av klede, men det var også større restlager. Hilde endra retning. Ho ville ha mindre svinn, begynte med redesign og prioriterte miljøvenlege materiale som resirkulert polyester, ull, silke, cellulosefiber, viskose og tencel.
Dei siste åra har Hilde prioritert eigen butikk med lavt produksjonsnivå og handsydde plagg. Det er ikkje lenger to kolleksjonar, men hyppige. Men kundane må vera raskt ute, for det lagast færre plagg enn før.
– No er det akkurat slik eg vil ha det. Eg designar heile tida, vurderer behovet og har alltid noko i produksjon. Vi har størrelsar frå 34 til 46/48, og ser det er behov for store størrelsar. Å produsere i mindre volum og færre einingar gjer også varene våre meir eksklusive og unike, seier Hilde.
Vil auke bemanninga
2022 har vore lovande for MaTilla med ei betydeleg salsauking. Ho jobbar heiltid i butikken, men har også to tilsette som jobbar deltid, i tillegg til familiemedlem som støttar henne.
– Målet er å få fleire tilsette. Ofte er vi to på jobb, for behovet har vore større. Det kjem inn nye kundar heile tida. Gjennomsnittskunden er her i 1,5 time, fortel Hilde. MaTilla har ei god blanding av lokale og tilreisande kundar frå Bergen, Fana, Åsane, Samnanger og Voss.
– Sist helg kom det ei køyrande heilt frå Trondheim i lånt bil. Det er mange som kjenner oss frå då vi selde til butikkar rundt i Noreg, og som føljer oss på Facebook eller Instagram, seier Hilde.
Specsavers sikrar solbrillene på Solsio


På Solsio vert det sol nok for alle. Alle leilegheitene har balkongar som vender mot vest, som betyr sol når klokka passerer 12. Då er det fint å ha ein brillebutikk i nærleiken, som har eit stort utval av briller og solbriller.
Specsavers er nemleg også under utvikling. Dei nye butikklokala ligg på gateplan mot Grønamyrsvegen, midt i buen til gullbygget.
– Dette er ei fantastisk plassering på cirka 140 kvadratmeter. Vi er godt i gang med butikkprosjektet, og planen er å opne 24. mars, fortel Nina O. Herdlevær, som saman med optikar og dagleg leiar John T. Flodmo, eig Specsavers Straume.
Utvidar butikken og aukar teamet
Sidan 1995 har optikerkjeda vore leietakarar i nabobygget. Då dei fekk tilbod om å flytte inn i eit større og nytt lokale, greip dei sjansen.
– Solsio gjorde det mogeleg for oss å utvide verksemda. Vi investerer ein god del både med nytt, topp moderne utstyr og ny innreiing, og får nesten dobbelt så store lokalar i eit heilt nytt fantastisk bygg. Det betyr at vi får dobla kapasiteten på synundersøkingar, så vi var aldri i tvil om å seie ja, seier Nina.
Specsavers har eigne designarar som teiknar og utformar den nye butikken. I tillegg har dei auka staben med to nye tilsette.
– God augehelse er viktig. Hos oss får kundane den hjelpen dei treng for å finne sitt ideelle synhjelpemiddel. Det kan vere flotte briller, solbriller eller kontaktlinser, og for mange begge delar, seier Nina.

SOLSIO støttar dei lokale idrettslaga!
Sotra Sportsklubb vart stifta 7.juni 1945 og fekk namnet IL Øygard. Klubben hadde den gang fotball som eineste idrett, og “heimebane” var på Nygård på Laksevåg. I dag har dei heimebane på eitt av Norges flottaste idrettsanlegg – Straume Idrettspark.
Mykje har skjedd sidan 1945, og med meir enn 3000 medlemmar er mottoet framleis det samme: Sotra Sportsklubb er ein solid breddeklubb med fokus på “Idrett for alle”.
Øygarden FK 2020 har sitt utspring frå Nest-Sotra IL sitt OBOS lag i 2019. Under etableringa av nye Øygarden kommune, ble det eit felles ønske om å skapa et topp-fotballag for alle i den nye kommunen.
Alle klubbane blei invitert til et representantskap for å etablera eit samarbeid mellom topp- og breiddeklubbane. Dette har resultert i at sju lokale klubbar har stilt seg bak Øygarden FK som toppklubb i kommunen.
Idrett er dyrt, og mange av desse klubbane ville ikkje ha klart seg utan dugnadsånd og solid økonomisk støtte frå lokalt næringsliv. Sponsormidlar er heilt avgjerande for å kunne driva fram talentar og sportsleg suksess i regionen.
Solsio Utvikling med Kåre Bjorøy på eigarsida har i årevis vore ein av dei viktigaste og mest trufaste bidragsytarane. Som ein sentral samfunnsaktør har Kåre sørga for at aktivitetar har kunne halda ved lag gjennom utbygging av idrettsanlegg og støtte til dagleg drift. Dette har gjort det mogeleg å gje eit breitt tilbod til alle unge som vil driva med idrett.
Les om SOLSIO i Media
Det er vi som byggjer SOLSIO!


Eigar Kåre Bjørøy , driftsleiar Rune Heggelund, utleigeansvarleg Lene Haug, eigedomssjef Roy-Eddy Lie og prosjektleiar May Britt Hevrøy gler seg over at bygginga endeleg er i gong på Solsio
Foto: Solsio Utvikling
Solsio Utvikling er eigd av Liegruppen og Kåre Bjorøy Holding. Selskapet skal utvikle og drifta området langs “solsio” av Grønamyrvegen. No byggjast det ein heilt ny bydel med boligar, park og næringsbygg, kor ein kan bu, arbeide og leve godt i eit nytt og trivelege nabolag ved foten av Straumsfjellet, midt i hjartet av Straume.
Ta kontakt med oss for å finna din draumeleilegheit. Vår meklar står klar til å svara på spørsmåla dine.

