Velkommen til Solsio

Velkommen til SOLSIO på Straume!

Velkomen til Ope Hus på SOLSIO!

Me er veldig stolte over prosjektet vårt som har fått status som Miljøbygg!
Det gjer at du kan få tilbod om husbankfinansiering med låg rente!

Kom og sjå kor fint det er blitt, og få samstundes visning av den siste ferdige leilegheiten i trinn 2!

Laurdag 9. mars kl 13 – 14

Det er allereie solgt over halvparten av leilegheitene i Bygg 3 – vestvendte med meget gode solforhold og umiddelbar nærleik til alt Straume kan by på! Det gjer ingenting om du ikkje har tenkt å kjøpe leilegheit no. Me vil orientere om planar for heile området, og serverer kaffi/brus og bollar til alle som vil ha!

ALLE BYGGETRINN PÅ SOLSIO ER UTSOLGT!

Nytt byggetrinn kjem snart for salg. Kontakt meklar for meir informasjon!

KUN 1 LEILEGHEIT IGJEN I BYGGETRINN 2!

Klar til innflytting!

Flotte leilegheiter berre eit steinkast frå Sartor Storsenter med kort veg til kino, handel og spisestadar. Parkering i kjellaretasjen.

SOLSIO NÆRINGSBYGG PÅ GRØNAPLASSEN

Grønaplassen - SOLSIO Næring

Grønaplassen er eit offentleg torg som no etablerast i forkant av SOLSIO. Her kjem det butikkar og ein triveleg kafe i kort avstand frå bustaden din.

Velkommen til SOLSIO på Straume!

Velkomen til Ope Hus på SOLSIO!

Me er veldig stolte over prosjektet vårt som har fått status som Miljøbygg!
Det gjer at du kan få tilbod om husbank-
finansiering med låg rente!

Kom og sjå kor fint det er blitt, og få
samstundes visning av den siste ferdige
leilegheiten i trinn 2!

Laurdag 9. mars kl 13 – 14

Det er allereie solgt over halvparten av
leilegheitene i Bygg 3 – vestvendte med meget gode solforhold og umiddelbar
nærleik til alt Straume kan by på! Det gjer ingenting om du ikkje har tenkt å kjøpe
leilegheit no. Me vil orientere om planar for heile området, og serverer kaffi/brus og
bollar til alle som vil ha!

ALLE BYGGETRINN PÅ SOLSIO ER UTSOLGT!

Nytt byggetrinn kjem snart for salg. Kontakt meklar for meir informasjon!

KUN 1 LEILEGHEIT IGJEN I TRINN 2!

Klar til innflytting!

Flotte leilegheiter berre eit steinkast frå Sartor Storsenter med kort veg til kino, handel og spisestadar, i eit koseleg nabolag ved foten av Straumsfjellet.

SOLSIO NÆRINGSBYGG PÅ GRØNAPLASSEN

Grønaplassen - SOLSIO Næring

Grønaplassen er eit offentleg torg som no etablerast i forkant av SOLSIO. Her kjem det butikkar og ein triveleg kafe i kort avstand frå bustaden din.

Meir sentralt på Straume kjem du ikkje –
berre eit steinkast frå Sartor Storsenter!

Rundt eit sentralt grøntområde, vert det bygd bustadar og næringsbygg som blir tett knytt saman. SOLSIO vert eit intimt bumiljø med eigne terrassar og balkongar, og den grøne parkpromenaden dannar eit innbydande og koseleg uteområde, med kort veg til kino, handel og spisestadar. I forkant kjem næringsbygg med mellom anna uteservering, interiør, optikar og frisør/barberar. Anten du ønskjer ein effektiv kvardag, aktive stunder eller vil slappa av i din nye bustad med eigen balkong/terrasse, er Solsio staden for deg.

NYHEITER FRÅ SOLSIO

Vitus – Eventyrleg reise for lokal reiselivssuksess

 

Tekst & Foto: Torgeir Hågøy

På åtte år har Vitus Reiser vakse til eit reiselivsselskap av internasjonale dimensjonar.

– Frå Solsio på Straume konkurrerer vi kvar dag med selskap som har hovudkontor i Stockholm, København og Oslo, seier dagleg leiar og ein av gründerane i Vitus Reiser, Håvard Moldskred.

Frå Noreg til heile verda
Då dei starta Vitus Reiser i 2017, var dei ein liten aktør i ein stor marknad av internasjonale reisebyrå. Men selskapet har no vakse seg stort, og i 2023 passerte dei ei omsetning på heile 236 millionar kroner.

– Vi har hatt ein enorm vekst sidan 2023. Sjølv om eg kjenner tala, er dei enno ikkje offisielle, så eg kan dessverre ikkje gå ut med dei. Det eg likevel kan seie, er at den gode utviklinga heldt fram i 2024 og inn i 2025, seier Moldskred.

Selskapet har spesialisert seg på gruppereiser for vaksne, og i fjor arrangerte dei vellukka turar til varmare strok for over 20.000 gjester.

– Vi tek kundar frå heile landet til reisemål over heile verda, seier Moldskred. Internasjonale konkurrentar som tidlegare ikkje visste kven Vitus Reiser var, har no fått auga opp for selskapet på Straume.

– Dei følgjer oss tett, og for mange har vi nok blitt ein av deira største konkurrentar. Det er veldig kjekt at vi, med base på Straume og lokalt tilsette medarbeidarar, har klart å skape ein slik reiselivssuksess. Ein treng med andre ord ikkje sitje i Oslo, Stockholm eller København for å lukkast, seier Moldskred.

Flytta inn i nye lokale
I august i fjor flytta dei inn i nye lokale i tredje etasje i det nye næringsbygget i Grønamyrvegen 18 på Solsio. Her har selskapet sine 12 tilsette no 300 kvadratmeter å boltre seg på.

– Vi har ikkje berre fått mykje meir plass, vi har òg fått vere med og utforme lokala akkurat slik vi ønskte, seier driftsleiar i Vitus Reiser, Camilla Kvamme. Ho og fleire av dei andre tilsette har vore med på å bestemme både fargar og møblering.

– Vi har det alltid kjekt på jobb, men i dei nye lokala har det blitt endå meir inspirerande. Det er òg mykje trivelegare å invitere inn kundar for ein prat om reisemoglegheiter eller detaljar rundt kommande turar, seier Kvamme.

Yngre reisande
Kvamme fortel at alderen på dei som reiser på gruppereiser, dei siste åra har gått ned.

– Gruppereiser har tradisjonelt vore sett på som ein ferieform for seniorar, men vi ser ei utvikling der stadig fleire vel denne måten å feriere på. Mange ønskjer seg meir aktive feriar, men det handlar òg om at det er sosialt og at dei får mykje for pengane, seier Kvamme.
Mange vel å reise med vener, medan for andre er det å møte nye menneske ein viktig faktor.

– I ein travel kvardag er det heller ingen tvil om at mange set pris på å kome til ferdigdekte bord. Vi har sjølve besøkt alle stadene vi arrangerer turar til og kan dermed gå god for kvaliteten både på hotell, restaurantar og opplevingar, seier Kvamme.

Skal lokke utlendingar til Noreg
Til no har selskapet hovudsakleg sendt nordmenn ut av landet, men no satsar dei òg på å få utlendingar hit.

– Vi byrja å selje norgesturar til nordmenn under pandemien. Då vart tanken sådd om at vi kunne starte eit eige selskap retta mot det utanlandske marknaden. No har vi etablert Travel North og er klare. No skal vi lokke fleire utlendingar til Noreg. Noreg er attraktivt, men det finst framleis mange perler med stort potensial, seier Moldskred.Han fortel at dei først vil rette seg mot engelskspråklege land.

– Vi startar der og ser kor det fører oss, men moglegheitene er mange, seier Moldskred.

MaTilla er sentralt plassert på Solsio på Straume

 

For 11 år sidan satsa Hilde Sævild Teige på eigen damekolleksjon i Bildøybakken. I midten av juni finn du den populære MaTilla-butikken sentralt plassert på Straume – nærmare bestemt Grønaplassen på Solsio.

Det kokar rundt MaTilla-gründeren. Om dagen er ho i butikken, på kvelden designar ho nye plagg, og innimellom alt planlegg ho flytting til nytt butikklokale på Solsio.

– Vi har vore på jakt etter nye lokalar ei stund, og endeleg fann vi det. For oss er det viktig at butikken er skjerma, og at kundane framleis får følelsen av å vera i ein trygg og god oase, fortel Hilde Sævild Teige. Snart flyttar ho butikken frå Bildøybakken til sentrale Solsio, der ho får litt større areal å boltra seg på i næringsbygget. Marens hjørne og Specsavers blir nye, gode naboar.

– Målet er å ta med sjela vår til Straume. Det er viktig for kundane våre. Vi skal vera den same MaTilla-butikken som dei kjenner, seier Hilde.

Alltid nyheiter i butikken
MaTilla er inne i sitt ellevte år. Mykje har skjedd sidan ho starta. På ei tidspunkt var det 80 butikkar i Noreg som selde MaTilla. Det var storproduksjon av klede, men det var også større restlager. Hilde endra retning. Ho ville ha mindre svinn, begynte med redesign og prioriterte miljøvenlege materiale som resirkulert polyester, ull, silke, cellulosefiber, viskose og tencel.

Dei siste åra har Hilde prioritert eigen butikk med lavt produksjonsnivå og handsydde plagg. Det er ikkje lenger to kolleksjonar, men hyppige. Men kundane må vera raskt ute, for det lagast færre plagg enn før.

– No er det akkurat slik eg vil ha det. Eg designar heile tida, vurderer behovet og har alltid noko i produksjon. Vi har størrelsar frå 34 til 46/48, og ser det er behov for store størrelsar. Å produsere i mindre volum og færre einingar gjer også varene våre meir eksklusive og unike, seier Hilde.

Vil auke bemanninga
2022 har vore lovande for MaTilla med ei betydeleg salsauking. Ho jobbar heiltid i butikken, men har også to tilsette som jobbar deltid, i tillegg til familiemedlem som støttar henne.

– Målet er å få fleire tilsette. Ofte er vi to på jobb, for behovet har vore større. Det kjem inn nye kundar heile tida. Gjennomsnittskunden er her i 1,5 time, fortel Hilde. MaTilla har ei god blanding av lokale og tilreisande kundar frå Bergen, Fana, Åsane, Samnanger og Voss.

– Sist helg kom det ei køyrande heilt frå Trondheim i lånt bil. Det er mange som kjenner oss frå då vi selde til butikkar rundt i Noreg, og som føljer oss på Facebook eller Instagram, seier Hilde.

Specsavers sikrar solbrillene på Solsio

På Solsio vert det sol nok for alle. Alle leilegheitene har balkongar som vender mot vest, som betyr sol når klokka passerer 12. Då er det fint å ha ein brillebutikk i nærleiken, som har eit stort utval av briller og solbriller.

Specsavers er nemleg også under utvikling. Dei nye butikklokala ligg på gateplan mot Grønamyrsvegen, midt i buen til gullbygget.

– Dette er ei fantastisk plassering på cirka 140 kvadratmeter. Vi er godt i gang med butikkprosjektet, og planen er å opne 24. mars, fortel Nina O. Herdlevær, som saman med optikar og dagleg leiar John T. Flodmo, eig Specsavers Straume.

Utvidar butikken og aukar teamet
Sidan 1995 har optikerkjeda vore leietakarar i nabobygget. Då dei fekk tilbod om å flytte inn i eit større og nytt lokale, greip dei sjansen.

– Solsio gjorde det mogeleg for oss å utvide verksemda. Vi investerer ein god del både med nytt, topp moderne utstyr og ny innreiing, og får nesten dobbelt så store lokalar i eit heilt nytt fantastisk bygg. Det betyr at vi får dobla kapasiteten på synundersøkingar, så vi var aldri i tvil om å seie ja, seier Nina.

Specsavers har eigne designarar som teiknar og utformar den nye butikken. I tillegg har dei auka staben med to nye tilsette.

– God augehelse er viktig. Hos oss får kundane den hjelpen dei treng for å finne sitt ideelle synhjelpemiddel. Det kan vere flotte briller, solbriller eller kontaktlinser, og for mange begge delar, seier Nina.

Det er vi som byggjer SOLSIO!

Eigar Kåre Bjørøy , driftsleiar Rune Heggelund, utleigeansvarleg Lene Haug, eigedomssjef Roy-Eddy Lie og prosjektleiar May Britt Hevrøy gler seg over at bygginga endeleg er i gong på Solsio

Foto: Solsio Utvikling

Solsio Utvikling er eigd av Liegruppen og Kåre Bjorøy Holding. Selskapet skal utvikle og drifta området langs “solsio” av Grønamyrvegen. No byggjast det ein heilt ny bydel med boligar, park og næringsbygg, kor ein kan bu, arbeide og leve godt i eit nytt og trivelege nabolag ved foten av Straumsfjellet, midt i hjartet av Straume.

Ta kontakt med oss for å finna din draumeleilegheit. Vår meklar står klar til å svara på spørsmåla dine.

Morten Lie

Partnar | Eigedomsmeklar
Morten er partnar og eigedomsmeklar i EiendomsMegler 1 – Bergen Vest, og er ein du kan kontakte for meir informasjon – på telefon 48 88 84 10, eller ved å fylla ut kontaktskjemaet under.

Kontakt meklar

Kontakt meklar

    [recaptcha]